Ei fantastisk veke med skikjøring er over. Slitne, men fornøgde elevar gir inntrykk av at Schladming leverte.
Østerrike
Veke 10 er ei veke som elevane på IdrettFriluftslinja på Fjellhaug ikkje kjem til å gløyme med det første. Så mange inntrykk og opplevelsar at det er nesten umogleg å få med alt. Ei salig blanding av morro i bakken, sosialt samvær og åndelig fellesskap, alt inni ei naturramme som nesten, eg seier nesten, overgår sunnmørsalpane (hehe).
Transporten til og fra Østerrike var også ein opplevelse. Med lange fergetura, allsang ilag med liveband, 400 filma, herlig kommunikasjonsproblem med tyske kafeverta, bussbytte ved ein fabrikk i mørket der politiet plutselig dukka opp og lurte på kva vi dreiv på med. Berre dette er nok til at turen kunne bli minneverdig.
Vi hadde ei stigande kurve forholdsmessig i løpet av veka. Men då er det viktig å få med at det begynte bra, og avslutta heilt fantastisk. Første dagen holdt vi oss i Planai. Dette er eit svært annlegg, der ein kan kjøre nye løyper heile dagen. Neste dag prøvde vi oss i Reiteralm. Dette er eit fjell som ligner litt på Planai i størrelse, men har fleire offpistemuligheta og litt større løyper ein kan køyre i. Men ingen av desse to fjella slår Zauchensee. Der var vi i to dagar med forhold som i følge vår lokale helt Hans Peter kun oppstod ein, eller to dagar i løpet av året. Forholda kan beskrivast som fantastisk pudderføre, med minimal skredfare (der vi køyrde). Dette var spesielt, og ein fantastisk opplevelse for mange. Den siste dagen tok vi ein råsjans på å stikke opp på Dachsteinbreen til tross for lavt skydekke og tåke. Kanskje det ville lette utover dagen? Det gjorde det ikkje, men vi fekk i allefall ein herlig tur i ein gondol som tok oss opp på 2700 moh. Vi har iallefall vore der:)
Turen blei pakka inn med egenprodusert mat, husly hos Hans Peter Plut, gode samlingar på kvelden og et godt fellesskap der alle var med å bidrog.
Takk for ein fantastisk tur.
Tidligere i høst tok samfunnsklassen sportsfoto av IdrettFriluft! Se bildene her
les mer...En uke etter nyttår reiste IdrettFriluft til Kenya og Tanzania. En tur preget av mange inntrykk og gode opplevelser.
les mer...