Ingenting blir det samme
No har vi vore i Etiopia i fire veker. Inntrykka er så utrulig mange og forskjellige. Den store ”happeningen” denne veka har vore misjonær konferansen. Der har elevar frå Fjellhaug dei siste åra hatt hovudansvaret for barneopplegget Vi er veldig glade for at vi fekk være med på konferansen. Fellesskapet med misjonærane og barna har vore herlig!
Vi hadde fått i oppdrag å intervjue ein misjonær kvar, medan vi var i Etiopia. Dette utsette dei fleste lenge, men når vi endeleg kom i gang, angra vi på at vi ikkje hadde gjort det før. Utrulig spanande å høyre misjonærar fortelje om opplevingar og arbeide dei er med på. Vi fekk høyre kva som gjorde at dei ville reise ut, deira bakgrunn, og korleis dei opplevde tenesta. Intervjuet gav oss eit nytt innblikk i det arbeide som vert gjort, når det gjeld det faktum å spreie Guds ord vidare til andre folkeslag. Vi fekk eit litt større greie på kva ”Verden for Kristus” var.
Det å høyre dei fortelje direkte til oss gjer det heile meir verkeleg enn om vi skulle lese det i eit blad. Det er ikkje berre enkelt å være ein misjonær. Tenesta byr også på mange utfordringar. Samtidig er gledene også der. Og nokre av dei anbefala tenesta på det sterkaste. Ein får eit inntrykk av livet som er heilt unikt.
Eit Bønneemne? Be for dei misjonærane som har via livet sitt til Gud! Takka dei for det arbeide dei er med på, og styrke dei i tenesta! Dei møtar mange utfordringar på vegen deira. Be også for at fleir skal koma til tro. Ein misjonær fortalte om ein muslim som akkurat hadde vent seg til Gud, og tatt imot ham, be for at hans liv må et nytt liv med Jesus, og om at han skal klare utfordringa å leve som ein kristen blant muslimane!
Vi har fått sett på misjonær tilvære på ein ny måte, og opplevingane våre frå Etiopia har gitt oss eit nytt perspektiv på ting. Berre det å smile til ei gamal Etiopisk dame langs vegen, er noko heilt særskilt, aldri har eg fått eit slikt smil og ein slik glede tilbake. Og frå ein framand Eg trur vi har mykje å lære av etiopiarane. Dei møter oss med ein slik kjærleik og takknemlegheit som ein sjeldan vert vitne til.
Ingenting blir det same når vi kjem tilbake til Noreg. Vi har fått ein ny måte å sjå ting og situasjonar på. Dette er det vi klarar å setje på papiret. Resten er nøydt å opplevast! –Noko som anbefalast på det varmaste.
Etter ca fem timers kjøretur, kom vi endelig frem til bibelskolen i byen.
les mer...