Search

Vi som går Tjenestelinja får vere med på mykje kjekt! Utfordringane står i kø og ventar på oss, vi lærer utruleg mykje.

Utfordrende praksis

Vi som går Tjenestelinja får vere med på mykje kjekt! Utfordringane står i kø og ventar på oss, vi lærer utruleg mykje. Kvar fredag etter lunsj har vi tre timar praksis, og i år er vi plassert på slumstasjonen til Frelsesarmeen, Sagene nærmiljøsenter og Sinsen kulturstasjon.
Eg har min praksis på kulturstasjonen. Her er vi tre frå klassa som er og har eit tilbod for 5-7.klasse. Her har vi aktivitetar som t.d baking, konkurransar, leikar, film og andre ting vi synest høyrest kjekt ut. Det har vore ei utfordring å få ungane til å kome dit, men etter litt reklame og samtalar i klassene på barneskulen kom det litt folk. Det er kjekt når borna kjem og vi ser dei har det kjekt, då kosar vi oss også.
Vi har også ein to vekers praksis i ein krins i Noreg (noko som var kjempe kjekt!), og ein fem vekers praksis i Etiopia som vi verkeleg ser fram til! Året på Fjellhaug kan anbefalast på det sterkaste!

På tur til Bansa

Etter ca fem timers kjøretur, kom vi endelig frem til bibelskolen i byen.

les mer...

Spenning i Etiopia

Da så vi dem, hyenene.

les mer...


Bibelskolen Fjellhaug Sinsenveien 15 0572 Oslo
Tlf: 23232400, Fax: 23232410. Epost: bibelskolen@fjellhaug.no