Search

Ekskursjon i faga Ungdomskultur og Formidling.

Samfunnsklassen på tur til NRK

Samfunnsklassen med Ungdomskultur-lærar Hans Kristian Skaar reiste ein ettermiddag på ekskursjon til NRK på Marienlyst. NRK er ei av dei største medieaktørane i Noreg, noko som passa godt saman med faga Ungdomskultur og Formidling.

Etter ein livleg busstur frå Fjellhaug til Marienlyst, byrja ettermiddagen på NRK med ein omvisning. Ei triveleg omvisar viste oss dei mest kjende attraksjonane NRK har å by på. Gamle TV-apparat og gamle kamera var ein sjølvsagt del av turen. På rekvisittavdelinga utanfor dei største studioa fekk vi sjå fleire kjende rekvisittar, frå blant anna Løvebakken. For tida var Trygdekontoret og Kvitt eller Dobbelt under produksjon i dei største studioa som vi besøkte. Dei bruka også studioet kor dei filma inn Trygdekontoret til å filme inn fleire andre dagsaktuelle program, som eks Nytt på Nytt. Det var inga filming i dei store studioa då vi var der, men vi gjekk forbi eit lite studio kor dei filma inn ei sportssending. Etter å ha sett dei store studioa, gjekk vi innom eit lite studio som var under ombygging. Dei hadde nettopp måla golvet for å vere klare til den neste store satsinga innan barne-tv, "Krem Nasjonal".


Etter å ha vore innom studioa, gjekk turen til Nyheitsstudioet. Her fekk vi sjå korleis ei nyheitssending ser ut bak kamera. Noko av det mest interessante på Nyheitsstudioet var kanskje den grøne veggen som blir brukt til vêrmeldinga, og dei store skjermane som blir brukt til sportssendinga. Frå Nyheitsstudioet gjekk turen til kostymeavdelinga til NRK. Kostymeavdelinga på NRK var ei spanande oppleving, og vi fekk sjå fleire av dei mest kjende kostyma som NRK har brukt gjennom tidene. Blant anna fekk vi sjå kleda til Brødrene Dal, Fleksnes, Skomakargata og Jul i Blåfjell. Å treffe på ein mannleg barne-tv kjendis kledd i kjole i kostymeavdelinga, gjorde heller ikkje akkurat turen kjedeleg.


Etter ei innhaldsrik omvisning på NRK, fekk vi ta ei tur på opplevingssenteret til NRK. Her fekk vi prøve oss som nyheitsankarar, vi fekk prøve å bruke ein "green-screen", vi fekk sett korleis NRK var før i tida, og masse anna.

Alt i alt er nok alle samde om at det var ein kjekk og innhaldsrik tur til NRK. Til slutt må det også nemnast at vi møtte på Roald Øyen i ein av NRKs korridorar. Selskapet var altså ingenting å klage på.

Været presteres av Svein Erik og Nikolas
Samfunnsklasen på Idol

Fredag 2. desember var samfunnsklassen på innspillingen til Idol. 

les mer...

Besøk på NRK

Samfunnklassen besøkte NRK i forbindelse med formidlingsfaget.

les mer...


Bibelskolen Fjellhaug Sinsenveien 15 0572 Oslo
Tlf: 23232400, Fax: 23232410. Epost: bibelskolen@fjellhaug.no