Hva leter du etter?

Ny bibellærar til Fjellhaug

Av: Jon Georg Fiske, Rektor

Jan Magnus Fauske Lillebø (31) begynnar som lærar hos Bibelskulen Fjellhaug frå august i år. Her vil han undervise i bibelfag, og andre relaterte emne. Han gleder seg til å ta løs på oppgåva med å undervise i Bibelen.

- Bibelen er Guds openberring til oss. Der får vi sjå kva hans vilje for oss og for verden er. Men aller viktigst: Det er der vi møter evangeliet om Jesus, og får sjå kven han er. For Bibelen handlar ikkje først og fremst om oss. Den handlar om Jesus. Han som viser oss kven - og korleis - Gud er, seier Jan Magnus.


Relevant bakgrunn

Jan Magnus har sjølv gått bibelskule, før han tok mastergrad i teologi og misjon ved Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Vidare har han studert musikk og samfunnsfag, før han dei siste åra har fullført PPU på deltid. På heiltid har han dei siste fem åra vore ungdomsleiar i Misjonssalen Oslo, i Spydeberg og trinnleiar for NLM region aust sitt trusopplæringsprogram Ung:Disippel. Han har óg vore ein avhalden forkynnar som har reist landet rundt for å forkynne og undervise Guds ord. 


Motivert for oppgåvene

Jan Magnus gleder seg til å møte elevane og til å ta del i bibelskulelivet. Bibelskule ligg nemlig nært opp til det hans hjarte brenn for. 

- Eg brenn for at unge menneske skal få sjå og kjenne Jesus, og at dei skal bli trygge, grunnfesta og frimodige læresveinar av han. Vidare ønskjer eg at dei skal kjenne Bibelen slik at dei kan finne liv, veiledning, trøst og håp i den gjennom livet.


Jan Magnus går inn i eit toårs vikariat, og vil arbeide i full stilling.

Vi på Bibelskulen Fjellhaug er glade for at Jan Magnus vil tjene her hos oss, og ønskjer han varmt velkommen til oss.

Jan Magnus F. Lillebø. Foto: Even Kleppa

SE ALLE
Design og utvikling av M51 Marketing