Kjersti, elev på Lederklassen, forteller om utenlandsturen til USA!
Me i lederklassen var på utenlandstur på vest-kysten i USA nå i vinter. Der besøkte me sjømannskyrkja, mega-churches og populære turistattraksjonar som Hollywood, Disneyland, Grand Canyon og Las Vegas. Me fekk oppleva amerikansk kultur på nært hold, blant anna på ein skikkeleg gøy roadtrip gjennom dei tre statane California, Arizona og Nevada. Me fekk fine menneskemøter og godt fagleg og åndeleg påfyll. I tillegg fekk me verkeleg oppleva den amerikanske kulturen på nært hold. Når me var i byen Sedona i Arizona, så fekk me oppleva Guds nydelege skaparverk. Vakre og unike fjell, og eit lys som reflekterte fjella på ein spesiell fin måte. Det fekk oss til å reflektere kor stor og kunstnerisk Gud er. I nokon av kyrkjene me besøkte var det fleire ting ein kunne bli inspirert av, til dømes tilgjengelege biblar på setene, ark om talen, liste over sangane spilt på møtet på skjermen på slutten, og latte, te og donuts før/etter møte. Dette var inspirasjon me tok med heim i bagasjen. Det var dagar fylt med latter, glede og minner dei aldri vil gløyma.