Ein båt er ute på havet da ein sterk storm brygger opp ut av inkje. Bølgene daskar mot båten, og vinden riv i seilane. «Vi går under» roper nokon, men kapteinen tek styringa og kastar anker ved nærmaste steinskjer. Stormen er der enda, men ankeret sørgjer for at båten ikkje blir rive for langt av kurs.
På mange måtar er dette eit bilete som også kan skildre livet til tider. Ein dag kan alt gå vel, men så ut av det blå kan det plutseleg brygge opp til storm. Vi kan miste nokon nære, oppleve alvorleg sjukdom, ha venner og familie som sviktar eller oppleve store økonomiske tap. Livet er uføreseieleg, og kan bli snudd på hovudet over natta. Då er det lett å falle av kurs.
For å unngå det treng vi å ha eit fast haldepunkt, eit anker som ikkje sviktar. For oss som kristne er Jesus dette haldepunktet. Vårt anker. I trua på han har vi også fått DHÅ som styrkar oss, og minner oss på å kaste ut ankeret midt i stormen.
Som leiar vil vi kunne oppleve stormar i både vårt og andre sine liv. Gjennom det kan vi vere som kapteinen som lyfter opp ankeret når alt verker håplaust, og som hektar oss og mannskapet til fast grunn. Dette kan i praksis vere så enkelt som å føreslå å be saman med dei rundt oss, for eksempel som ei avslutning på ein samtale, eller lese ein tekst i Bibelen og snakke om han. Slik kan ein hjelpe folk til å vokse i kjennskap og relasjon til Gud, og dermed sjølv bli forankra.
Ein god leiar
Jesus var ein rabbi, ein leiar, men ikkje ein leiar som jødane så for seg skulle kome. Han kom i audmjukskap, som eit lite barn, ikkje som ein krigar, men som eit sårbart menneske. Han kom for å tene, for å lyfte opp dei lave, og gi tilgjeving til syndarar. For å ete middag saman med dei utstøytte, og for å dele dei glade nyheitene om at himmelen er komen nær.
For når du les og lærer meir om kven Gud - Fader, Sønn og Ånd er, vil du også lære meir om kven du er i dei.
Eg trur det er enormt mykje vi kan lære av måten Jesus leia og møtte menneske på. Ser vi på apostlane hans, oppdagar vi eit nært venskap, som har blitt bygd opp gjennom å dele liv med kvarandre over lenger tid. Dei er langt meir enn berre reiskap mot eit mål. Han utfordra dei og ga dei autoritet til å reise ut og helbrede sjuke (Matteus 10:5-9), han ga dei tilrettevising når det trongst (Lukas 9:54-56), og hjelpte dei til å vokse som disiplar og leiarar. Jesus sa til og med at disiplane skulle gjere større gjerningar enn det han gjorde (Johannes 14:12). Han var så trygg i sin identitet at nye sterke leiarar ikkje var ein trussel for han, men tvert om ei velsigning for oppdraget og himmellaget. I vårt leiarskap er det også viktig at ankeret er på rett plass, slik at vårt fokus ikkje blir å byggje vårt rike, men Gud sitt rike. Det inneber å gi rom for at nye leiarar bli utrusta til teneste.
På Fjellhaug ynskjer vi å sjå menneske bli utrusta til å lese, lære og leve Guds ord. Sagt med andre ord – til å bli forankra i Jesus. For når du les og lærer meir om kven Gud - Fader, Sønn og Ånd er, vil du også lære meir om kven du er i dei. Du vil få ein rekke sanningar og løfter, som ikkje er avhengige av dine kjensler og prestasjonar. Når livet kjennest håplaust ut og stormen kjem, kan du minnast Guds kjærleik og Hans løfter til deg, og det vil bli ditt anker. Den siste delen av «tre-L-igheiten», handlar om å leve Guds ord. I likninga om huset bygd på fjell (Lukas 6:47-49) seier Jesus tydeleg at ein ikkje berre må høyre, men også gjere hans ord.
Derfor leggjast det til rette for eit åndeleg fellesskap gjennom bøn, syndevedkjenning, teneste og tilbeding, der vi får vere med å kvasse kvarandre (Ordspråka 27:17). La oss ikkje gløyme å gå ut frå våre tryggje vegger, og møte menneska som har falle utanfor, slik Jesus modellerte. Vi kan vere lys og salt, medan vi blir verande forankra i Kristus til han ein dag kjem igjen!